Tittelen på Bjørn Eidsvåg sin klassikar kunne nok ikkje passa betre for vestlandsbonden denne sommaren. Medan høge temperaturar og tørke trugar avlingane og matforsyninga i store delar av Europa, har bøndene på Vestlandet slite med det stikk motsette, regn, regn og atter regn. Og ikkje bere store mengder regn, men også låge temperaturar, som får sjølv ein innbarka vestlending til å fyre i omnen, opptil fleire gongar midt på sommaren!

Kalenderen viser om få dagar årets fyrste haustmånad, men når sant skal seiast har vi omtrent følt det som haust ei god stund allereie. Og sjølv om haust skulle tilseie ei tid ein skal sleppe å tenke på slått, er det framleis fleire som ikkje har fått berga inn hoslåtten enno.

Nedbørstal viser at det ikkje har vore so vått fleire stadar på Vestlandet på fleire tiår. Målestasjonar har registrert regnmengder som gir pallplassar. Og mange snakkar om nedbørsmengder som ikkje kan samanliknast med noko dei har opplevd før. Med andre ord; det er ikkje bere du som synest det har vore ein ruskete sommar, det har faktisk regna i store mengder.

Aldri før har bønder (og sikkert resten av vestlandsinnbyggerane) sjekka vêrvarselet oftare, gjerne fleire gongar for dag. Å leite etter passande vindauge vart nærast sett på som ekstremsport, skulle ein vere so galen og hoppe i det når vêrvarselet viste tre dagar utan nedbør? Det vart til slutt ikkje mange val, graset måtte inn før det gulna. Slåttetida er gjerne eit køyr utan like, men om mogleg var nok stressnivået på den øvre del av skalaen i år.

For mannen i gata er det gjerne ein dag på stranda, ein fjelltur i strålande sol eller brunfargen som står på spel når gradestokken kryp under 10 grader, og skyene ligg tjukt i fjella. For bønder kan det ha store økonomiske konsekvensar. Køyreskader på jorda, sviktande avling og dårleg kvalitet på fôret. Når prisane på kraftfôr som skal kompensere for manglande eller dårleg fôr skyt i vêret, er det dårleg nytt for bonden.

Og ikkje nok med at det har vore vanskeleg å få unna slåtten, men anna arbeid som til dømes vedlikehald og måling på bygningar har også blitt sett på vent. For å sjå det frå den positive sida, so ryktast det at nokre har brukt regnvêrsdagane til å skrue og pusse på utstyret, og traktor og maskiner har aldri vore so klar til slåtten som i år.

Kollegaer har tidlegare skrive om viktigheita av å ta seg fri og ikkje bruke tid på å bekymre seg for vêret. Å irritere seg over vêr og vind er gjerne unødvendig bruk av energi. Dette er uansett noko ein ikkje får gjort noko med. Å la vere å bekymre seg for vêret denne sommaren har vel omtrent vore umogleg, men so har det heller ikkje vore ein sommar av det normale. For korleis skal ein unngå å tenke på det når ein nok ein dag ser at kyrne vassar i gjørme, graset nok ein dag må vente på slåtten, og at graset på hesa snart rotnar fordi det har hange so lenge.

Det er lov å kjenne på frustrasjon og makteslausheit, men det viktige er at dette ikkje går utover helsa og det daglege arbeidet. Føler du at frustrasjon og irritasjon går ut over kvardagen, er det om å gjere å søke hjelp. Vit at du er langt i frå aleine.

Treng du nokon å prate med er vi HMS-rådgjevarane gode støttespelarar. Ynskjer du råd om å reparere køyreskader eller ser svart på økonomien, er våre jordbruksrådgjevarar og økonomirådgjevarar der for å hjelpe deg. Ikkje nøl med å ta kontakt.

Og du, til slutt, når du har fått redda inn slåtten, klapp deg sjølv på skuldra. Du har gjort ditt beste, ytre faktorar som vêr og vind får du ikkje gjort noko med. Og gi gjerne litt skryt til ein nabobonde også. Det kan framleis bli ein fin haust. Om det ikkje kan redde slåtten, so gjer sola og lyset noko med humøret og gir kanskje ny energi til å brette opp ermane på nytt. Det er viktig å leve i håpet.