God beitebruk gjev mange fordelar for sauen og bonden. Ingenting kan måle seg med fôrkvaliteten på ungt beitegras. Det inneheld mykje protein, og du kan difor oppnå høg produksjon utan bruk av kraftfôr. Sauer på godt vårbeite kan produsere 750-1000 g lammetilvekst utan tilskot av kraftfôr. Kostnaden ved å produsere godt beite er også langt lågare enn å hauste og konservere graset. Dyr på beite har betre dyrevelferd og helse enn dyr som står inne.

Første engår bør du unngå beiting for å få etablert plantedekket og eit godt rotsystem. Ei søye med lam kan ta opp minst 3 kg beite-tørrstoff pr. dag om beitetilgangen er god. Skal søya ta opp så mykje beite, bør ho alltid ha tilgang på 5-8 cm høgt beitegras. Kor stort areal som skal til for å oppnå dette varierer med beitekvalitet og gjødsling. Er beitet fulldyrka og gjødsla om våren, er behovet ca. 1,0 daa pr. søye med lam. Dersom vårbeitet er udyrka eller kulturbeite må arealet vere større.

Beiteskifte eller sambeiting med andre dyreslag er viktig for å redusere smittepress av parasittar. Sauen er utsett for innvortes parasittar. Dei mest vanlege er koksidiar og rundormar. Felles for desse parasittane er at dei ikkje overlever dersom beitet er fritt for sau ein beitesesong. Dei fleste parasittane er arts-spesifikke, det vil seie at parasittar hjå sau ikkje smittar storfe eller hest, og omvendt.

Overgangen frå innefôring på grovfôr til ferskt vårbeite er stor for søya. Vomfloraen må difor få tid til å omstille seg til beite, elles vil mjølkeproduksjonen lett få ein knekk. Etter beiteslepp bør difor søyene få gradvis nedtrapping på kraftfôret ein kort periode. Har du i tillegg mogelegheit for å gje søyene avgrensa tilgang på vårbeite saman med surfôr første tida etter beiteslepp, så oppnår du god overgangsfôring. Pass på at det ikkje blir varmgang og mugg i surfôr som står ute.

Beitesystem må lagast seg utifrå forholda på garden og eigne ynskje og mogelegheiter. Viktige omsyn er:

  • Dyretal
  • Storleik og kvalitet på beitet
  • Kvar beitearealet ligg – avstand til tun/driftsbygning
  • Tid for lamming
  • Opplegg for anna fôring/tilleggsfôring

Det er viktig å gjødsle så tidleg som råd om våren på det beitet ein skal bruke først. Utover beitesesongen er det som regel tilstrekkeleg å tilføre nitrogen. Du får dei beste og smaklegaste beita ved å tilføre litt nitrogen fleire gonger gjennom beitesesongen.
Gode beite treng 1 kg nitrogen pr. daa kvar veke. Dette tilsvarar i underkant av 4 kg med 27-0-0 i veka. Dersom du gjødslar kvar femte veke, vil dette tilsvare om lag 18 kg kvar gong. Dette er eit utgangspunkt og må justerast etter beitetrykk, grasvekst, temperatur m.m. Prioriter dei områda av beitet der dyra beiter mest aggressivt.
Eit godt beite kan gje like mykje avling som ei god eng, og er ein fantastisk ressurs. Set du inn rette tiltak for å heve kvaliteten, kan du hente store verdiar frå beita.

Du bør ikkje beite graset lenger ned enn til tre-fire cm. Dette er eit absolutt minimum. Ser du til dømes at saueskiten «ligg oppå graset» er graset beita alt for snautt. Då har graset liten bladmasse og kan derfor ikkje utnytte sollyset skikkeleg. Det gir treg gjenvekst og dårleg produksjon på beitet. I tillegg tvingar du dyra til å beite svært nær si eiga avføring, som vil framprovosere eit endå større problem med innvolssnyltarar.
Oppdagar du at beitetrykket er høgare enn grastilveksten, er dei mest akutte tiltaka å redusere talet på dyr eller å tilleggsfôre med rundball eller kraftfôr. I tillegg bør du vurdere å tilføre meir næring til graset gjennom gjødsling. Ofte er det naudsynt med ein kombinasjon av fleire tiltak.

Kalk – grunnlaget for godt beite

På same måte som graset i enga, responderer beitegraset svært positivt på korrekt pH.

Ein pH mellom 6,0-6,5 vil både syte for maksimal utnytting av tilført næring, samstundes som det favoriserer produktive og smaklege grasartar. I tillegg ser det ut at kalking i seg sjølv påverkar smaken til beitegraset i positiv retning.
Sjølv om pH over 6,0 er å rekne som optimalt når du produserer gras, gjeld lova om «avtakande utbyte». Det vil i praksis seie at du får større effekt av å heve pH frå 5,2 til 5,7 enn du får ved å heve pH frå 5,7 til 6,2. Derfor tilrår vi å starte med dei suraste beita når du skal kalke. Ofte er det enkelte område i beitet dyra likar seg best på, mens andre område ser vi at dyra nesten ikkje vil gå. I dei fleste tilfelle er pH og grasart dei viktigaste faktorane som skil desse områda frå kvarandre. Kalking vil påverke begge desse faktorane positivt.

Noko kalk er betre enn ingenting! Bruk gjerne kalk med magnesium!

Beiteplanlegging

Beite er ein viktig ressurs i husdyrproduksjonen. Med god plan for beiting kan du få større lam, betre slaktevekt og dermed betre økonomi. No kan du få hjelp til å lage ein god plan for beiting! Din lokale rådgjevar kjem på besøk til deg og hjelper til med vurdering av beita, og lagar ein plan for bruk og stell. Gjeld alle driftsformer. Bestill rådgjevingsbesøk via skjema under.