Å lage til eit attlegg er arbeidskrevjande og dyrt. Vi legg ned timar med traktor og utstyr, kjøper frø, kalkar og gjødslar. Når denne jobben er gjort er vi på oppløpssida, snart i mål, då kan vi ikkje stoppe opp og snu ryggen til målstreken. Då må vi fullføre! Det vil seie at vi må vurdere ugrassituasjonen og få kontroll på denne. Det sikrar oss eit godt attlegg som kan gje ei robust eng i fleire år framover. I klartekst betyr dette at det er bortimot «obligatorisk» å sprøyte eit attlegg i konvensjonelt jordbruk.

Det er noko varierande praksis når det gjeld ugraskamp i attlegg. Sjølv om det kan sjå ut for å vere lite ugras tidleg, så vil det stort sett alltid vere behov for sprøyting. Har du problem med tunrapp, så kan ikkje denne bekjempast etter spiring av attlegget. Det som kan hjelpe er at attlegget får gode vilkår utan ugrasinnblanding, og får vekse godt ut før hausting. Dette likar ikkje tunrappen!

Normalt vil det gå ein god månad frå såing av attlegg til gras og kløver toler sprøytinga mot ugraset. Kløver må ha fått helst 2 varige blad. På det tidspunktet er også grasartane komne langt nok.

Bilde 1 Klover pa spabladstadiet
Her ser vi kløver på spabladstadiet. Dei varige blada vil dukke opp nede ved frøblada. Ser kløveren slik ut, så er det for tidleg å sprøyte.
Bilde 2 Naerbilde etter sproyting
Her frå eit attlegg som er sprøyta. Vi ser varige blad av kløver nede i graset.

Vassarve er kanskje det mest plagsame frøugraset i attlegg. Dei negative konsekvensane kan bli svært store om ein ikkje vinn kampen mot vassarve.

Bilde 3
Total dominans av vassarve.
Bilde 4
Vassarve med nær 100 % dekning!
Bilde 4b Vassarve Voss Eitt drag utan sproyting
Bildet syner godt vassarven på usprøyta areal til venstre .Til høgre er det sprøyta. Her blei sprøytinga kutta ut på eit mindre område for å skåne sådd luserne. Resultatet var ikkje godt.
Bilde 4c Skade etter vassarve
Bildet syner konsekvensen av manglande sprøyting mot vassarve. Etter slåtten, som i stor grad inneheldt vassarve, såg enga slik ut. Store bøter utan gras. Her må ein sette inn tiltak med isåing, altså ekstra arbeid og kostnad. Blir det ikkje sådd inn meir grasfrø vil desse bøtene sannsynlegvis bli dekt av tunrapp og/eller vassarve. Kanskje vil enga få eit kort og dårleg liv, og gje dårleg økonomi for bonden?

Det beste kjemiske middelet mot vassarve er Express SX. I attlegg med kløver skal det blandast med MCPA. Tilrådd dosering er: 0,75 g Express SX + 50 ml MCPA pr. dekar. I somme høve kan det vere aktuelt å redusere dosen med Express SX noko. Det har vore gjort med godt resultat.

Høymole kan ein finne i attlegg både som frøspirt og som store plantar spirt frå levande rotbitar. Der høymole dominerer, tilrår vi ofte å bruke Gratil i attlegg med kløver. Dosering er 2 (-3) gram Gratil + 50 ml MCPA pr. dekar. Det er viktig å ta kamp mot høymole alt i attlegget.

Bilde 5 Frospirt hoymole
Total dominans av frøspirt høymole.
Bilde 6 Hoymole
Ung høymoleplante. Spirt frå frø.
Bilde 7 Hoymole i attlegg
Høymole spirt frå rot og frå frø. Her må ein bruke Gratil ved sprøyting.
Bilde 8 Hoymole og kveke
Eit attlegg kan og sjå slik ut. Høymole spirt frå røter, inkl. litt anna ugras som har overlevd brakking. I dette tilfellet ser vi også mykje kveke. Denne er ingenting å gjere med no, og vil berre utbreie seg vidare i engåra. Høymole er og komen noko for langt for sprøyting.

Gjetartaske er eit anna frøugras du skal vere merksam på. Det er lett å bekjempe kjemisk og vil forsvinne ved sprøyting mot andre ugras både med Express, Gratil og andre middel. Gjetartaske er vintereittårig (som vassarve). Difor står den grøn på rosettstadiet gjennom vinteren i eit haustsådd attlegg utan sprøyting. Det er ofte i slike situasjonar vi ser gjetartaske som eit problem.

Bilde 8b Gjetartaske og klover
Gjetartaske på rosettstadiet. Vi ser også kløver med varige blad. Greit sprøytestadium, men førebels lite ugras.

Det kan vere vanskeleg å få gode nok forhold til å sprøyte eit haustattlegg. Det er ein myte at det ikkje er nødvendig. Utan sprøyting kan gjetartaske og vassarve sjå slik ut i førsteårsenga neste vår:

Bilde 9 Gjetartaske og vassarve
Gjetartaske og vassarve i eng. Det er mest vanleg å sjå slikt i ei førsteårseng sådd hausten før.
Bilde 10 Sproytebom Voss Mari 2021
At sprøyting mot frøugras i attlegg har god effekt, er svært synleg på dette bildet. Her står meldestokk igjen på område som ikkje er sprøyta.

I denne artikkelen har vi teke føre oss nokre få ugras, spesielt i attlegg med kløver. Det finst sjølvsagt mange andre situasjonar der det er aktuelt å bekjempe andre ugras, det finst attlegg utan kløver og det er aktuelt å blande fleire kjemiske middel i ugraskampen. Rådgjevarane i NLR Vest kan hjelpe deg med ugraskamp både i attlegg og i eng/beite.

Verknadstabell for ugrasmiddel i attlegg

Verknadstabell for ugrasmiddel i eng og beite

Ting eit gardsbesøk her!