Av kortsiktige tiltak om skadane er begrensa er å slådde/harve våndbaukene utover no i vår og eventuelt så i noko grasfrø eller raigras. Moseharva er eit godt reiskap til dette arbeidet med å slette jordpølser og haugar som vånd har grave i løpet av vinteren. Det er mange variantar av moseharv på markedet. Som oftast er det lite vånd å sjå frå våren til 1.slåtten, slik at ein med dette berger unna jord i 1.slåtten.

Der vånd har øydelagt enga bør ein finne fram plogen. Vurder enga også etter 1.slåtten. Tidleg høstgjenlegg gjev ofte svert gode resultat, når vi sår tidleg nok til at graset vert 10 cm før vinteren.


Råd om andreslåtten:
Mengda av vånd aukar mykje utover seinsommaren/hausten. Dersom ein tek ein tidleg 2.slått i byrjinga av august, blir ikkje problemet med jord i fôret så stort. Ventar ein derimot med 2.slåtten til månadsskiftet august/september, er det stor sjanse for at ein får øydelagt mykje fôr på grunn av jordinnblanding. I tilfelle tilveksten av gras er stort etter ein tidleg 2.slått, bør enga beitast eller pussast av med beitepussar. Er det mykje våndbauker når ein kjem til høsting, må ein ha fokus på høg stubbing OG avslutt høstinga viss det er for mykje bauker!


Av langsiktige tiltak
er plantevern er det sikraste: ta frå vånd maten og leveområda inne på enga.


Brakk enga før pløying
: dette er einaste måten å bli kvitt kveka på. Men har du kveke så MÅ den ha 4-5 blader FØR du brakker.


Sprøyt gjenlegget:
få bort alt anna ugras med store røter: Løvetann, høymole, brennesle mm. Dette gjeld om ein sår på våren eller om sommaren.


Beiting/beitepussing
av kantane er òg viktig for å ta frå dei leveområda!


Harepest: Obs Obs!
Vånd er bærer av harepest – ein sjukdom som menneske òg kan bli veldig sjuk av. Bruk hanskar viss du skal handtere daud vånd, og vask hendene nøye etterpå!

Ta frå vånda maten og leveområda inne på enga:

Kveka tar fort over i nyenga om ein ikkje gjer noko tiltak. Har du 20% kveke kan dette gi opptil 3000 kg kvekerøtter pr daa. Foto: Torhild S. Mjøen

Kveke i akeren
Foto Torhild S. Mjøen

Vånd hol i løvetann. Foto: Torhild S. Mjøen

Vand og lovetann kopi
Foto Torhild S Mjøen

Vånd hol i høymole. Foto: Torhild S. Mjøen

Vand og hoymole kopi
Foto Torhild S Mjøen

Våndhol og haug i Brennesle. Foto: Torhild S. Mjøen

Vand og brennesle
Foto Torhild S Mjøen

Beiting/beitepussing av kantane. Foto: Torhild S. Mjøen

Beitepuss Rotli aug 05
Foto Torhild S. Mjøen

Fakta om Vånd