Sprøyting

Sprøyting skal skje med godkjent sprøyte. Er det lenge sidan sprøyta har vore i bruk, er det lurt å sjekke filter på slangar og i dyser, og eventuelt testkøyre med reint vatn for å sjå at spreiebilete og mengde er ok på alle dysene. Kvar enkelt dyse skal avvike maks 5 % frå oppgjeven mengde. Ute på jordet er det viktig at bommen køyrast i riktig høgde for å få korrekt spreiebilete.

Sjekk traktoren

Før ein begynner med jordarbeidinga er det viktig å gå over traktoren. I bevegelege delar der det ikkje er feitt eller anna smørande middel, vil vatn eller støv kome til og auke slitasje på traktor og reiskap. Korrekt ballastering og dekktrykk er viktig, særleg om plogen skal på. Dersom du skal ut på veg er det viktig å hugse på at minst 20 % av aktuell vekt skal vere på framakslingen, og det betyr nesten utelukkande at ein må ha motvekt framme på traktoren. Korrekt dekktrykk er viktig for å redusere jordpakking øvst i jorda, i tillegg til dieselforbruk.

Pløying lufter jorda, løyser opp pakking, blandar inn gjødsel og planterestar, i tillegg til at det er eit av dei beste tiltaka mot ugras. Er det mykje rotugras anbefalast djupare pløying (25-30 cm). Det gjev også høgare avling enn grunn pløying (12-17 cm), men vil i gjengjeld auke effektbehovet betydeleg. Før pløying er det viktig å sjekke at slitedelar er ok, plogkroppar/forplog/rulleskjær er stilt likt, ramma er rett, dragaksling er sentrert og trekkstengene på traktoren er i lik høgde.

Slodding er beste måten å slette ut jorda på etter pløying. Den er designa for å flytte jord, knuse klumpar og jamne ut overflata. Ved å slodde etter pløying blir også overflata på jorda redusert og som følgje meir av fuktigheita bevart. Uavhengig av kva type slodd ein har får ein best effekt ved å køyre 20-30 grader på pløyeretning.

Tindhorva kan nyttast til slodding, men gjev best resultat ved køyring etter slodden. Tindane skal køyrast i sådjupne og har til formål å sortere jorda i arbeidssjiktet. Ved riktig fart skal tidnene vibrere i jorda slik at store klumpar legg seg på overflata og mindre klumpar og partiklar under. Dei større jordklumpane beskyttar jorda mot fordamping og såfrø får god jordkontakt ved dei mindre. Før køyring bør ein sjekke tindane for slitasje, bytte knekte/slitte tuppar og smøre opp ledd og lager. Tindhorva fungerer også fint til nedmolding av kalk.

Skålhorva kan nyttast i fornying av eng, men berre i brakka jord. Den bør køyrast med full gjennomskjering for å kutte røter på rotugras. Det er viktig å minne om at eventuelle planterestar (kulturplanter og ugras) som ikkje er sprøyta, og blir liggande i overflata, kan spire att og forringe etablering av det som vert sådd. Det gjev i tillegg ei ujamn overflate for vidare arbeid og seinare hausting.

Rotorhorva (vertikal eller horisontal) fungerer godt til å kutte opp røter og planterestar. Det er likevel viktig å hugse på at me ønskjer å behalde jordstrukturen og livet i jorda i størst mogeleg grad. Rotorhorva har mange bevegelege delar, og smørjing av lager, samt bytte av slitte/skadde knivar er viktig for eit godt resultat.

maskina må stillast nøyaktig. Sådjupne avgjerast av storleik på såfrøet. Frøet må ligge grunt nok til å kome seg opp av jorda, og djupt nok med god jordkontakt for spireråme. Forsøk viser at oppspirte timoteifrø reduserast med 2/3 ved å legge frøet på 2 cm i staden for 1 cm djupne. Større såfrø er mindre sensitive for djupare såing. Uavhengig om ein sår i rad eller breispreiar, er det viktig å avslutte med tromling.

Trommelen er eit undervurdert reiskap i mange tilfelle. Den kan gjerne nyttast før og etter såing. Riktig fart, mellom 6-8 km/t, sikrar jamn jordkontakt og dermed oppspiring, i tillegg til å klemme ned eventuelle steinar som kan skade haustereiskapen åra framover.


Kjelder

https://www.nlr.no/files/documents/Grovforskolen/gjenlegg-og-etablering-av-eng.pdf

https://grovfornett.nlr.no/fagartikler/grovfor/grovfor/oppskrift-pa-godt-gjenlegg